KULTURHUSET HEIMEN eit historisk tilbakeblikk

ca 1959. Hauge skule er nyleg ferdig
ca 1959. Hauge skule er nyleg ferdig

Kulturhuset Heimen blei bygd av losje Havråk i Bremanger og stod ferdig i november 1922. Byggekostnadane var på heile 25 000,- kroner, medrekna orgel.

I kjellaren var det kjøkken og matsal. I storsalen kunne ein opne opp mot småsalen og over der var det galleri. Det var benkeplassar til om lag 300 mennesker.

I tillegg til faste losjemøter for vaksne og barn har Heimen husa juletrefestar, todagers-marknaden, 17-mai- festar. Det var ikkje lov å danse i huset, bortsett frå leikaring! I 1967 fekk realskulen lov til å arrangere «Sokkedans» og forbodet var oppheva (sentralt)!

Grotle kvinneforeining og Helselaget brukte Heimen til årleg fest og basar. Det var arrangert «Brødrene» og «Søstrene» sine kveldar.

Politiske parti nytta huset før val. Bremanger fiskarlag hadde både møter, stemner og festar. Det vart halde ulike kurs slik som; navigasjonskurs, vevkurs, snikkarkurs. Frå 1950 har skulen sløydopplæring i matsalen. Småsalen var også brukt til klasserom i ulike periodar.

I 1962 vart det sett opp scenetilbygg. Prosjektet fekk støtte av kommunen.

Bremanger fekk fast stumfilmframvisning i Heimen frå 1924. Losjen spleisa på filmapparat. Det er antyda at biletten kosta 50 øre! Frå 1956 blir det vist kino kvar søndag. Før den tid var det Bygdekinoen og Kinosentralen som viste film ein gong i månaden. Det er framleis kinotilbod i Heimen kvar fredag og søndag, og utstyret er digitalisert og moderne.

Det har vore ulike leigetakarar gjennom tidene. No er Kulturhuset Heimen i privat eige med Bremanger kino og Bremanger kulturskule som leigetakarar.

Storsalen(kinoen) er kalla Losjen. Småsalen er brakt tilbake til dei opprinnelege tømmerveggane og tregolvet,- og huser no kystkulturutstillinga «Minne om Maria». I første etasje er det laga verkstad for ulike kurs, undervisning/møter (Kammerset). Under scenetilbygget er det no opna opp med trapp mellom Galleri Dorthea og Kafè Aletta. Her finn vi og eit lite handverksutsal med lokale produsentar.

Vevkurs

Vevkurs

Typisk samling på den gamle steintrappa

Posering på trappa

Framhaldskulen i Heimen

Framhaldskule i småsalen

Losjemøte

Losjemøte i Heimen

Å VERE I VERDA

Siste halvår har elever i  8., 10. klasse på Hauge skule og elever i visuelle kunstfag i Bremanger kulturskule arbeidt med prosjektet.
Siste halvår har elever i 8., 10. klasse på Hauge skule og elever i visuelle kunstfag i Bremanger kulturskule arbeidd med prosjektet  “Å vere i verda”. Miniatyrhusa skal vere en del av scenografien til teateroppsetninga “Der båra bryt”  som er under utvikling og skal vere på den vakre sandstranda Grotle vest i havet i sogn og fjordane. Her er bilder fra utstillinga og presentasjonen av prosjektet lørdag 31. januar
På sløyden..
Ferdige hus på sløyden..

 

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.